Jonathan Johnson () var ein norsk lærar og Høgre-politikar frå Oslo. Gisle Johnson var far hans, Lauritz Johnson son hans.

Johnson vart student i 1883 og cand. theol. i 1887. Han var lærar ved den kommunale jenteskulen i Tønsberg frå 1889, deretter i middelskulen frå 1895 og ved den høgare allmennskulen frå 1902, også i Tønsberg. Frå 1913 hadde stilling som overlærar og frå 1920 som lektor ved same skulen.

Han var medlem av heradsstyret i Nøtterøy frå 1896 til 1928. I seks samanhengande valperiodar, frå 1898 til 1916 var han ordførar. Johnson var 3. varamann frå Jarlsberg og Larviks amt til Stortinget 1903, møtte ikkje på tinget, då. Derimot representerte han einmannskrinsen Jarlsberg på Stortinget 1913-18. I den fyrste valbolken 1913-15 var han medlem av kyrkjekomiteen, i den andre valbolken var han sekretær i gasje- og pensjonskomiteen.

Johnson døydde på Nøtterøy i 1953.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Jarlsberg og Larviks amt Kategori:Ordførarar i Nøtterøy Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:Norske teologar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Nøtterøy