Ivica Olić () er ein kroatisk fotballspelar som har spelarfor Wolfsburg i tysk Bundesliga og for det kroatiske fotballandslaget.

Olić har vorte seriemeister seks gonger med fire klubbar i tre land: I Kroatia med NK Zagreb i 2002 og Dinamo Zagreb i 2003, i Russland med CSKA Moskva i 2003, 2005 og 2006 og i Tyskland med Bayern München i 2010. Han vart kåra til årets kroatiske spelar i 2009. I 2007/08-sesongen var han Hamburg sin toppskårar i Bundesliga med 14 seriemål, og i 2013/14-sesongen var han Wolfsburg sin toppskårar i serien.

Olić debuterte for Kroatia sitt A-landslag i 2002 og var med i Kroatia sin tropp til fotball-VM same året, der han spelte to kampar og skåra eitt mål, mot Italia. Han var òg med i fotball-EM i 2004, der han spelte tre kampar, i fotball-VM i 2006 der han spelte to kampar og i fotball-EM i 2008 der han spelte tre kampar og skåra eitt mål, mot Tyskland.

Kategori:Kroatiske fotballspelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:CSKA Moskva-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar