Nikolaj Mikhajlov () er ein bulgarsk fotballspelar, som spelar for Twente i nederlandsk Eredivisie og for det bulgarske landslaget.
Mikhajlov var reservekeeper for Levski Sofia då dei vart seriemeistrar i Bulgaria i 2006 og 2007, og reservekeeper for Twente då dei vart seriemeistrar i Nederland i 2010. Han debuterte for Bulgaria sitt A-landslag i mai 2006 i ein privatlandskamp mot Skottland. Han spelte for Bulgaria for første gong i ein konkurranse 10. oktober 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Kypros.
Far til Nikolaj Mikhajlov er Borislav Mikhajlov, som har rekorden for flest fotballandskampar for Bulgaria.
Kategori:Bulgarske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Twente-spelarar