«Your Mother Should Know» er ein song av The Beatles frå albumet deira Magical Mystery Tour frå 1967. Songen er skriven av Paul McCartney, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

«Your Mother Should Know» er ein nostalgisk, «feel-good» song frå McCartney, i same sjanger som «When I'm Sixty-Four», men med mindre innhald. Komposisjonen er i røynda berre eit refreng som vert repetert tre gonger:

Let's all get up og dance to a song That was a hit before your mother was born. Though she was born a long, long time ago Your mother should know (Your mother should...) Your mother should know (...know.) Sing it again.

Tittelen og refrenget er inspirert frå filmen A Taste of Honey der ein av replikkane er «Your mother should know».

Songen vart spelt inn i to omgangar, første gong 22. og 23. august og så 29. september 1967 og songen er derfor ein miks av mono og stereo, elles ikkje uvanleg for songar spelt inn på 1960-talet.

I filmen Magical Mystery Tour vart «Your Mother Should Know» framført sist medan The Beatles kjem dansande ned i kvitt til ein ballsal og i følgje med damer. Denne songen var for øvrig den siste innspelinga som manageren Brian Epstein fekk oppleve. Han døydde fire dagar seinare, den 23. august 1967.

Medverkande Paul McCartney – solo- og korvokal, bassgitar, piano John Lennon – korvokal, Hammondorgel, cymbalar George Harrison – korvokal, gitar Ringo Starr – trommer, tamburin George Martin – plateprodusent Personell per Ian MacDonald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Your Mother Should Know» frå , den 8. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Bård Ose, Beatles hele livet, Bergen 1999

Bakgrunnsstoff Songteksten Alan W. Pollacks notat om songen

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney