mini|Gjermund Eggen under femmila i ski-VM 1966

Gjermund Eggen () var ein langrennar, skiprodusent og gardbrukar frå Engerdal. Han var på topp i perioden 1964-69, men la ikkje opp før etter 1974-sesongen. Eggen var medlem i Engerdal Sportsklubb. Jo Eggen var tvillingbroren hans.

Fremste prestasjonane Eggen vart den store vinnaren under VM på ski i Oslo i 1966, med gull på 15 km, 50 km og på stafetten. Han mislukkast på åpningsdistansen 30 km og vart nr 16. På 15 km vart det norsk storeslem, Eggen vann med 15 sekundars margin til Ole Ellefsæter med Odd Martinsen på tredjeplass. Eggen gjekk så sisteetappen på det norske stafettlaget som vann gull, før han runda av meisterskapen med gull på femmila. På denne distansen opna han roleg, men ein sterk avslutning gjorde at han slo finnen Arto Tiainen med 10,4 sekundar.

Eggen vart norgesmeister tre gonger, første gong i 1964 (30 km). Dei to siste meisterskapstittelane vann han i gullåret 1966 (30 km og 50 km), dessutan var han det året på Engerdal SK sitt tremannslag som vann stafetten.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1964: Nr 3 på femmila i Holmenkollen 1965: To fjerdeplassar; på 15 km i Holmenkollen og 30 km i Falun 1966: Verdsmeister på 15 km og 50 km og i 4x10 km stafett i Oslo 1967: Nr 2 på 15 km i Lahtis 1968: Vinnar av tremila i Falun, nr 3 på femmila i Holmenkollen og på 15 km i Lahti 1969: Nr 1 på 15 km og nr 3 på 50 km i Lahtis 1970: Nr 12 på 15 km i Lahtis 1971: Nr 12 på 15 km og 50 km i Holmenkollen 1974: Nr 10 på femmila i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap Ski-NM 1963: Nr 6 på femmila i Kristiansand Ski-NM 1964: Gullmedalje på tremila på Voss, sølv på femmila i Bærum og bronse på 15 km på Voss Ski-NM 1965: Sølvmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km på Fåberg Ski-NM 1966: To gullmedaljar; 30 km på Hernes og 50 km på Rena. Sølvmedalje på 15 km på Hernes Ski-NM 1967: Nr 8 på tremila, Skorovatn Ski-NM 1968: Nr 4 på 15 km, Bærum Ski-NM 1969: Nr 9 på 15 km, Alvdal Ski-NM 1971: Sølvmedalje på tremila, Fåberg Ski-NM 1972: Nr 9 på tremila, Tydal Ski-NM 1973: Nr 7 på 15 km, Lillehammer Ski-NM 1974: Nr 4 på 15 km, Selbu

Eggen vann stafettgull med Engerdal Sportsklubb under NM 1966.

Ymse Gjermund Eggen vart tildelt både Sportsjournalistenes statuett som ”Årets idrettsnamn” og Morgenbladets Gullmedalje i 1966. I 1968 vart han tildelt Holmenkollmedaljen. I heimkommunen Engerdal er han heidra med ei statue som vart avduka 5. august 2006, ved sida av skimuseet.

Eggen gav i 1966 ut boka 3 x Gull. Han song også inn fleire melodiar som vart utgitt på plate. Etter han slutta med langrenn, starta han opp skiproduksjon i heimbygda. Skia vart kalla Eggen-ski.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Folk frå Engerdal