Eit eksperiment er ei tilnærming til forsking der forskaren manipulerer visse vilkår for å undersøke effektane av dette. Føremålet er å påvise kausale relasjonar (årsak-verknad). Dette skjer vanligvis ut frå ei ubegrunna forventning (hypotese).

Føremålet til eksperimentet er å undersøkja om ein eller fleire intervensjonar (uavhengige variablar) har effekt og dermed påverkar eit utfall (avhengig variabel) gjennom eit årsak-verkandsforhold (kausalitet). Som regel vil dette innebere at ein må dele eit utval av subjekt (deltakarar) i minst ei kontrollgruppe og ei eksperimentgruppe. For å kunne gjennomføre eit ekte eksperiment, til skilnad for eit kvasieksperiment (som ikkje oppfyller randomiseringsvilkåret nedanunder), må følgjande vilkår oppfyllastEksperiment - snl.no:

Subjekta i eksperimentet må fordelast tilfeldig på dei ulike vilkåra (gruppene) slik at gruppene blir mest mogleg like i utgangspunktet (randomisering). Alle subjekta innanfor eit og same vilkår må handsamast likt. Andre tilhøve som kan påverke utfalla til eksperimentet bør helst ikkje finnast i eksperimentperioden. Målingane må kvalitetssikrast av forsøksleiar. Det må vere tilstrekkeleg skilnad mellom eksperimentgruppe og kontrollgruppe til at ein kan trekkje ein valid konklusjon om kausalitet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eksperiment» frå , den 8. november 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Forsking Kategori:Vitskaplege eksperiment Kategori:Eksperimentdesign Kategori:Evalueringsmetodikk