Joseph Louis Gay-Lussac () var ein fransk kjemikar og fysikar.
Gay-Lussac utførte ballongferder i 1804 og 1805 i lag med Jean-Baptiste Biot for å studere jordmagnetismen og samansetnaden til lufta i ulike høgder. Han fann ut at jod er eit grunnstoff og var den første som framstelte dicyan og isolerte bor. Gay-Lussac grunnla òg titreranalysen.
Gay-Lussac oppdaga i saman med Alexander von Humboldt gassvolumlova, som var av grunnleggjande tyding for Avogadro og hypotesen hans. Han offentleggjorde dei fleste arbeida sine i Annales de chimie, som han saman med Arago var utgjevar av 1816–1840.
Han var frå 1808 professor i fysikk ved Sorbonne, og frå 1809 òg professor i kjemi ved École polytechnique. I 1832 vart han professor i allmenn kjemi ved Jardin des plantes i Paris.
Kjelder Ormestad, Helmut. (2009, 14. februar). Joseph Louis Gay Lussac. I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://snl.no/Joseph_louis_gay-Lussac.
Kategori:Elevar ved École Polytechnique Kategori:Folk frå Haute-Vienne Kategori:Grunnstoffoppdagarar Kategori:Franske kjemikarar Kategori:Franske fysikarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Bor Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Kjemikarar på 1800-talet