«L'essenziale» (italiensk for Den viktige) er det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på italiensk av Marco Mengoni. Songen er skriven av Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis.
Eurovision Song Contest 2013 «L'essenziale» vart fyrst framført av Marco Mengoni 12. februar 2013 under 63° Festival della Canzone Italiana di Sanremo 2013. I finalen 16. februar 2013 vann songen med 36 prosent av røystane i den siste delen av tevlinga, og det vart samstundes annonsert at Mengoni ville representere Italia i Eurovision Song Contest 2013. 18. mars 2013 vart det annonsert at «L'essenziale» vil vere det italienske bidraget. Sist gong Italia sendte vinnarsongen i Festival della Canzone Italiana di Sanremo til Eurovision Song Contest var i 1997. Sidan Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen slapp Italia å kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Italia fekk delta i finalen 18. mai 2013 i Malmö Arena.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «L'essenziale» frå , den 27. mars 2013.
Fotnotar
Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Italienske songar Kategori:Italienskspråklege songar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-songar