Jens Kobro Daae () var ein norsk prest. Han tok teologisk eksamen 1837, og vart kapellan hos faren i Fana samme år. Faren var den velståande presten Iver Munthe Daae (f. 1771) som var sokneprest i Lindås og seinare i Fana. Den eldre broren Claus Daae var stiftsprost i Bergen og politikar. Jens Kobro Daae vart sokneprest i Haram i 1853, der var han også ordførar. Han flytta til Bø i Telemark 1866, og gjekk av i 1878. Han var gift med søskenbarnet sitt Nicoline Friis Daae (f. 1820), som var dotter av Christen Daae (sogneprest i Lindås) og søster av Ludvig Kristensen Daa.Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.292. Johan Christopher Haar Daae var ein annan av onklane hans.

Kjelder

Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Bergen