Ђ, transkribert đ på norsk, er ein kyrillisk bokstav som blir brukt til å skriva serbisk og montenegrinsk. Han representerer ein stemd alveolo-palatal affrikat , og er den sjette bokstaven i det serbiske alfabetet

Bokstaven blei utforma på førespurnad frå Vuk Stefanović Karadžić.Maretić, Tomislav. Gramatika i stilistika hrvatskoga ili srpskoga književnog jezika, s. 14-15. 1899. Det blei laga fleire forslag til utforming (eit av Pavle Solarić, eit anna av Gligorije Geršić). Varianten som blei teken i bruk blei utforma av Lukijan Mušicki;Петар Ђорђић. Историја српске ћирилице. Београд, 1971. som modifiserte bokstaven Ћ. Denne igjen bygde på den gammalkyrilliske bokstaven Ꙉ. Den nye bokstaven blei teken med i Karadžić si ordbok frå 1818, og blei deretter allment utbreidd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dje» frå , den 7. november 2023.