Jens Stoltenberg si fyrste regjering var den norske regjeringa som sat frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001.

Stoltenberg I-regjeringa var ei mindretalsregjering utgått av Arbeidarpartiet, som hadde 65 av dei 165 representantane i Stortinget bak seg. Regjeringa kom til makta då den første Bondevikregjeringa stilte kabinettspørsmål på gasskraftsaka. Fleirtalet i Stortinget, Arbeidarpartiet og Høgre, stemte for å senka utsleppskrava frå nye planlagde gasskraftverk og Bondevik-regjeringa gjekk av. Jens Stoltenberg fekk oppdraget med å danna ny regjering, som leiar for det største opposisjonspartiet. Regjeringa sat fram til Stortingsvalet 2001.

Desse sat i den første Stoltenberg-regjeringa:

Statsminister Jens Stoltenberg Utanriksminister Thorbjørn Jagland Bistandsminister Anne Kristin Sydnes Finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen Forsvarsminister Bjørn Tore Godal Fiskeriminister Otto Gregussen Sosialminister Guri Ingebrigtsen

Helseminister Tore Tønne Samferdsleminister Terje Moe Gustavsen Kommunalminister Sylvia Brustad Nærings- og handelsminister Grete Knudsen Olje- og energiminister Olav Akselsen Justisminister Hanne Harlem

Arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo Barne- og familieminister Karita Bekkemellem Orheim Landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen Miljøvernminister Siri Bjerke Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske Kulturminister Ellen Horn

Kjelder Regjeringa Stoltenberg I hos regjeringen.no, vitja 26. desember 2009

Stoltenberg 1