Salve Thomasson Hodne () var ein norsk arbeidsformann og stortingsmann frå Hornnes i Vest-Agder. Han var medlem av Venstre.
Hodne var son til ein lensmann. Han byrja å arbeide ved Ottedals sag i Kristiansand i 1871, frå året etter var han arbeidsformann. Sidan arbeidde han der i over 40 år. Han var medlem av bystyret i Kristiansand frå 1881 til 1908, varaordførar i 1905.
Hodne var 2. representant frå Kristiansand på Stortinget i tre periodar frå 1895 til 1903. Han møtte første gongen på Stortinget i 1892-sesjonen frå 13. juli, då som 2. varamann frå same valkrinsen. I den fyrste perioden som fast representant hadde han sete i justiskomiteen, i dei to siste valbolkane var han medlem av Lagtinget, tollkomiteen og valkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Folk frå Evje og Hornnes