Paul Stang () var ein norsk fotograf frå Stongfjorden. Han starta å arbeide som fotograf i 1906, to år før aluminiumsfabrikken i Stongfjorden, den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia, starta drifta.Gaute Losnegård (2001) Det store hamskiftet i Stongfjorden. Kulturhistorisk leksikon. Paul Stang arbeidde sjølv ved aluminiumsfabrikken frå 1908 til han døydde i 1923, og i fotosamlinga han etterlet seg har han blant anna dokumentert starten og framvoksteren av industrisamfunnet i Stongfjorden."Paul Stang" NRK Fylkesleksikon, Kjende personar.
Med unntak av perioden frå 1910 til 1914, då han budde i USA, var Paul Stang ein aktiv lokalfotograf som har dokumentert både industriutvikling, lokalgeografi, skikkar og tradisjonar, menneske og kvardagsliv i Stongfjorden. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har 800 bilete etter Stang."Paul Stang" Preus Museum, Registre over norske fotografer og fotografiske samlinger.
Galleri
Referansar
Bakgrunnsstoff Flickr: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Kulturnett Sogn og Fjordane, Kultursøk
Kategori:Norske fotografar Kategori:Folk frå Askvoll