Sergej Nikiforovitsj Vasilenko () var ein russisk-sovjetisk komponist og musikkpedagog. Komposisjonane hans synte ein sterk hang mot mystisisme.

Vasilenko vart fødd i Moskva og studerte opphavleg jus ved Universitetet i Moskva. Deretter endra han retning og studerte ved Konservatoriet i Moskva frå 1896 til 1901 under Sergej Tanejev og Mikhail Ippolitov-Ivanov. Frå 1903 til 1904 var han dirigent i eit privat operahus i byen. I fleire år organiserte og dirigerte han dei historiske konsertane ved den russiske musikkforeininga. Han vart så professor ved Konservatoriet i Moskva, der han hadde mellom anna Aram Khatsjaturjan, Nikolaj Roslavets, Nikolaj Rakov og Aarre Merikanto som studentar.

Som komponist produserte Vasilenko både operaer, koralmusikk og orkestermusikk. Han vart tildelt Ordenen av den raude fana, fekk tittelen «Velfortent kunstarbeidar», og i 1947 fekk han Stalinprisen. Sergej Vasilenko døydde i Moskva i 1956.

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Sergey Vasilenko» frå , den 27. august 2012.

Kategori:Russiske komponistar Kategori:Sovjetiske komponistar Kategori:Folk frå Moskva