Bodrum er ein hamneby i provinsen Muğla sørvest i Egearregionen i Tyrkia. Han ligg på sørkysten av Bodrumhalvøya ved Gökovabukta. Byen vart kalla Halikarnassos i Karia i antikken og var kjend for Mausoleion, eit av dei sju underverka. Bodrumborga ligg ved hamna vart bygd av krossfararane på 1400-talet. Byen har kring 30 000 innbyggjarar, medan heile distriktet har 120 000 innbyggjarar (2009).
Hovudnæringa i Bodrum er turisme.
Klima Bodrum har eit middelhavsklima. Temperaturen om vinteren er 15 °C på dagtid og om sommaren 34 °C med lange periodar med sol. Somrane er varme og med høg fukt og vintrar er mild og stort sett solrike.
Dei første innbyggjarane ein kjenner til i Bodrum-ormådet var folk frå Karia, før hamna vart kolonistar av dorianske grekarar på 600-talet fvt. Byen kom seinare under persarane.
mini|Gjenverande ruinar av Mausoleion, eit av dei sju underverka, i Halikarnassos (moderne Bodrum.)
Mausolus styrte Karia frå her og då han døydde i 353 fvt. vart han gravlagd i Mausoleion. Ordet mausoleum kjem frå dette byggverket. Det stod i 1700 år før det vart øydelagt av jordskjelv. I dag er berre fundamentet og nokre få skulpturar.
Aleksander den store kringsette byen og erobra han etter ein hard kamp. Julian av Halikarnassos var biskop tidleg på 500-talet, men same hundreåret vart byen styrt av persarane. Krossfararane kom til byen i 1402 og nytta ruinane av mausoleet til å byggje Bodrumborga som framleis står. Tempelriddarane fekk løyve til å byggje borga av den osmanske sultanen Mehmed I, etter Timur Lenk hadde øydelagt den tidlegare borga deira i Izmirbukta. Borga og byen vart kjende som Petronium, som er opphavet til moderne Bodrum.
Bodrum var ein roleg fiskelandsby fram til midten av 1900-talet, då turismen starta å auke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bodrum» frå , den 27. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kultur og turisme: Bodrum
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Muğla Kategori:Den tyrkiske rivieraen Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Egearhavet
el:Αλικαρνασσός la:Halicarnassus