Kırşehir, tidlegare Mokissos (Μοκισσος på gresk) og Justinianopolis, er ein by i Tyrkia. Han er det administrative senteret i provinsen Kırşehir. Byen har kring 105 000 innbyggjarar (2009)

Historia til Kırşehir gåt attende til hettittane. Kırşehir var tidlegare kjend som Parnassos eller Mokissos. Romarane kalla byen Macissus, og etter byen vart gjenoppbygd av den austromerske keisaren Justinian (527-565), fekk han namnet Justinianopolis. Dette namnet hadde han til tyrkarane tok byen i 1071 og gav han det noverande namnet.

Kemal Atatürk vitja byen i 1921 og 1931.

Klima Kırşehir har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa) og halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering BSk), med kalde og snørike vintrar og varme og tørre somrar. Det er mest vanleg med regn om våren og hausten.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kırşehir» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Kommunen si offisielle nettside

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Kırşehir Kategori:Romerske stader i Tyrkia