Niğde er ein liten by og administrasjonssenter i provinsen Niğde i regionen Sentral-Anatolia i Tyrkia. Han har kring 110 000 innbyggjarar (2010)Statistical Institute og ligg 1300 meter over havet.

Byen ligg mellom dei vulkanske Melandizfjella, med stratovulkanen Hasan nær byen Aksaray i nord og Niğdemassivet i søraust og sør.

Området har vore busett sidan hettittane var her. Tidleg i mellomalderen vart han kalla Magida.

Klima Niğde har eit halvtørt klima. Niğde har varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Niğde» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Kommunen si offisielle nettside

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Kappadokia Kategori:Busetnader i provinsen Niğde