Nikomedeia er det antikke og bysantinske namnet på byen Izmit i Tyrkia. Byen vart grunnlagt kring 264 fvt og vart hovudstad i provinsen Bithynia. Etter at han vart øydelagd av gotarane i 258 evt. vart han gjenoppbygd av keisar Diokletian og vart residensbyen hans og hovudstad for den austre fjerdedelen av Romarriket. Nikomedeia vart langt mindre viktig då Konstantinopel vart ny hovudstad i 320-åra. Frå 1326 var byen ein del av Det osmanske riket.
Kjelder Nikomedeia. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Nikomedeia
Kategori:Busetnader grunnlagde på 200-talet fvt. Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk Kategori:Bithynia Kategori:Busetnader i Austromarriket Kategori:Romerske stader i Tyrkia Kategori:Tidlegare busetnader i Tyrkia