Sivas (tidlegare Sebaste og i antikken Sebasteia) er ein by aust i det sentrale Tyrkia og administrativt sete for provinsen Sivas. Byen har kring 425 000 innbyggjarar og ligg 350 km aust for Ankara.

Byen ligg 1285 meter over havet i ein vid dal som elva Kızılırmak renn gjennom og er eit handels- og industrisenter, sjølv om økonomien tradisjonelt sett har vore basert på jordbruk. Sivas er òg eit vegknutepunkt for vegane nord-sør og aust-vest til Irak og Iran. Byen har hatt universitet sidan 1974.

Sivas, det romerske Sebasteia, var ein viktig by i romersk, bysantinsk og seldsjukkisk tid. Tidlegare var det ei stor armensk folkesetnad her, fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen. Nasjonalistkongressen i Sivas september 1919 innleia revolusjonen til Kemal Atatürk, som leia fram til grunnlegginga av det moderne Tyrkia .

Klima Sivas har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dsa), med varme og tørre somrar og kalde og snørike vintrar. Dei tørraste månadane er juli og august og dei våtaste er april og mai.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sivas» frå , den 22. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Sivas