In the Absence of Pink er eit konsertalbum av Deep Purple. Det vart opphavleg spelt inn av BBC Radio av den gjenforeinte Mark II-besetninga på Knebworth Festival den 22. juni 1985. Konserten vart sendt på radio kort tid etter. Det originale dobbeltalbumet kom ut i 1991.

«Under the Gun» vart av ein eller annan grunn ikkje spelt inn av BBC og ein kort versjon av «Woman from Tokyo» var dei einaste som ikkje var med frå den normale setlista dei spelte på denne turneen. «Child in Time» vart stundom spelt, men vart ikkje spelt på denne konserten. 'Difficult to Cure' er ei tilpassing av Beethoven sin «Ode to Joy» frå den 9. symfonien hans og vart spelt inn av Blackmores Rainbow nokre år tidlegare.

Tittelen er henta frå noko Ian Gillan sa føre ein song. Han synte til regnet og dei tekniske problema som forseinka starten på konserten og sa «What we all need now is a tremendous amount of pink. But, in the absence of pink, here's some blues".

Innhald

Medverkande Ritchie Blackmore - gitar Ian Gillan - vokal Roger Glover - bass Jon Lord - tangentinstrument Ian Paice - trommer

Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1991 Kategori:Deep Purple-konsertalbum