Vegårshei kyrkje, «Kjørka på Moland», blei sett opp av «Kjørkebyggeren på Heia», Knud Skjerkholt frå Holt herad i 1808. Kyrkja vart 200 år gamal i 2008. Vegårshei kyrkje ligg på Moland rett nordaust for Myra i Vegårshei kommune.

Kyrkjesoga Kyrkja blei sett opp i 1808 på garden Molands grunn. Det har vore fleire kyrkjer på Vegårshei i tidlegare tider, til dømes på Bjorvatn.

Kyrkjegardar På Vegårshei har dei tre kyrkjegardar, ein rundt kyrkja på Moland som er den eldste, ein på Espeland og ein på Raudnesmoen. Den på Raudnesmoen var eigentleg laga for medlemmer av Guds Menighet, men no har au nokre folk frå Vegårshei kyrkje vorte gravlagde her.

Kjelder

Litteratur

Boka Livet rundt Vegår.

Bakgrunnsstoff Vegårshei kyrkjelege fellesråd

Agderkultur med bilete frå kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Vegårshei Kategori:Kyrkjer i Aust-Nedenes prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Byggverk i Vegårshei Kategori:Kulturminne i Vegårshei Kategori:Norske kyrkjer frå 1810