Sir Joseph John Thomson (ofte berre J.J. Thomson) () var ein engelsk fysikar og oppdagaren av elektronet. Denne oppdaginga gav han Nobelprisen i fysikk i 1906.

Frå 1884 til 1918 var han professor i Cambridge, og frå 1905 samstundes professor i Natural Philosophy ved Royal Institution i London. Frå 1918 var han Master of Trinity College i Cambridge. I 1880 viste han ut frå teorien til Maxwell at kvar og ein ladd lekam har ein elektromagnetisk tregleik. Han undersøkte elektrisk leiing i gassar og oppdaga i 1897 at katodestrålar består av ladde partiklar som han kalla korpusklar, som seinare viste seg å vere identiske med elektrona i atoma, og fann tilhøvet mellom ladningen deira og massen.

Han undersøkte òg ionestråler og fann prinsippa som vart lagde til grunn for massespektrografen.

Thomson vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1911.

Prisar (utval) – Faradaymedaljen – Copleymedaljen – Nobelprisen i fysikk – Hughesmedaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «J. J. Thomson» frå , den 21. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Manchester Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Elevar ved Trinity College i Cambridge Kategori:Gravlagde i Westminster Abbey Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Order of Merit Kategori:Presidentar i Royal Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Royal Medal Kategori:Presidentar i Physical Society Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Order of the British Empire Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet