Patrick Maynard Stuart Blackett, baron Blackett () var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1948 «for utviklinga hans av wilsonkammermetoden, og hans etterfølgjande oppdagingar innan kjernefysisk og kosmisk stråling».

Han var elev av Lord Rutherford og C. T. R. Wilson og var professor ved Birkbeck College i London frå 1933 til 1937. Han etterfølgde L. Bragg som professor i Manchester frå 1937 og frå 1953 var han professor ved Imperial College i London. Frå 1955 til 1963 var han leiar for Physics Department der, og frå 1965 president for The Royal Society of London. Blackett er kjent for vidareutviklinga av tåkekammeret til Wilson og for å bruke dette til undersøkingar av kosmisk stråling. For desse arbeida fekk han i 1948 Nobelprisen i fysikk. Han gjorde òg omfattande undersøkingar av magnetfeltet til jorda.

Under den første verdskrigen var Blackett marineoffiser og deltok mellom anna i Jyllandsslaget. Han var særs brukt som rådgjevar for den britiske regjeringa både i militære og vitskaplege spurnader. Han leia under den andre verdskrigen ein komité som arbeidde med anti-ubåtkrig, luftforsvar og utviklinga av radar.

Etter krigen var Blackett sterkt oppteke av fredsarbeid. Han skreiv mellom anna Atomic Weapons and East–West Relations (1956) og Studies of War (1962). Han vart adla i 1969.

Publikasjonar Fear, War, and the Bomb: The Military and Political Consequences of Atomic Energy (1948) Atomic Weapons and East-West Relations (1956)

Prisar (utval) 1948 - Nobelprisen i fysikk 1956 – Copleymedaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Patrick Blackett, Baron Blackett» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå London Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Presidentar i Royal Society Kategori:Royal Medal Kategori:Copleymedaljen Kategori:Britar frå fyrste verdskrigen