Paul Accola () frå Davos er ein sveitsisk, tidlegare skirennar som i 1992 vann verdscupen i alpine greiner. I den sesongen vann han både super-G-cupen og kombinasjonscupen og vart nummer to i slalåmcupen. Gjennom si tid som aktiv vann han fire meisterskapsmedaljar i kombinasjonsøvinga, ein sølv og tre bronser. Første medaljen fekk han under OL 1988, den siste i VM 2001. Han deltok i verdscupen i tida 1988-2005, der han vann sju enkeltrenn og stod på sigerspallen 26 gongar, siste gongen i 2000. Alle sigrane i verdscuprenn kom i 1991/92-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1988: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen under vinter-OL i Calgary 1989: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen og nr 4 i slalåm under VM i alpint i Vail 1991: Nr 4 i kombinasjonen og nr 11 i slalåm under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm 1992: Nr 4 i storslalåm og nr 10 i super-G under vinter-OL i Albertville 1993: Nr 5 i slalåm under VM i alpint i Morioka 1994: Nr 6 i kombinasjonen og nr 14 i super-G under vinter-OL på Lillehammer 1996: Nr 11 i kombinasjonen og nr 13 i storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada 1997: Nr 5 i storslalåm og nr 6 i kombinasjonen under VM i alpint i Sestriere 1998: Nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Nagano 1999: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen, nr 4 i storslalåm og nr 5 i super-G under VM i alpint i Vail 2001: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen og nr 8 i storslalåm under VM i alpint i St. Anton 2002: Nr 6 i kombinasjonen og nr 10 i super-G under vinter-OL i Salt Lake City

Verdscupsigrar

Dato Stad Land Øving 29. november 1991 Breckenridge USA Storslalåm 30. november 1991 Breckenridge USA Slalåm 13. januar 1992 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Kombinasjon 19. januar 1992 Kitzbühel Austerrike Kombinasjon 26. januar 1992 Wengen Sveits Kombinasjon 1. februar 1992 Megève Frankrike Super-G 1. mars 1992 Morioka Japan Super-G

Accola la opp som alpinist i 2005.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paul Accola» frå , den 18. februar 2012.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettside

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002