mini|Umbrailpasset, med den italienske sida til venstre og den sveitsiske til høgre

Umbrailpasset er ein fjellovergang gjennom Ortleralpane i Sveits og Italia. Fjellvegen knyter saman dalane Val Müstair i kantonen Graubünden med Valtellina i regionen Lombardia i Italia Italia. Med sine 2 501meter over havet er fjellovergangen den høgstliggjande i Sveits.

På nordsida er nesten heile vegstrekninga grusveg. På sørsida går vegen allereie etter 200 meter saman med sørvestoppstigninga til Stelviopasset.

Vegen over Umbrailpasset er vinterstengd frå november til mai.

Soge I mellomalderen vart fjellovergangen nytta til å frakte korn og vin nordover, medan salt frå saltgruvene i 'Hall in Tirol' vart frakta sørover. Køyrevegen var ferdigbygd i 1901.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjellovergangar i Sveits Kategori:Fjellovergangar i Italia Kategori:Geografi i Graubünden Kategori:Lombardia

Denne artikkelen bygger på «Umbrailpasset» frå , den 18. februar 2012.