mini|Omleiringa av Antioka frå eit miniatyrbilete frå mellomalderen under det første krosstoget.

Krosstoga eller krossferdene er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne.

Ordet krosstog vert i dag òg ofte nytta om alle krigar som vert utkjempa av religiøse årsaker eller der motsetnadene fell saman med religiøse skiljeliner, spesielt om aggressive kristne kampanjar kring særskilde tema (krosstog mot umoral), og stigmatiserande som karakteristikk særleg av det sterke kristne engasjementet i samfunnsspørsmål. På engelsk, særleg amerikansk engelsk, nyttar ein ordet (crusade) om nær sagt alle kampanjar (til dømes mot narkotika).

Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige innverknader, og nokre av dei har varte inn i vår tid. Som følgje av indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre herskarar enn paven kunne sette i gang eit krosstog.

Historisk samanheng

Situasjonen i Midtausten Den muslimske inntreda i Det heilage landet starta med erobringa av Palestina på 600-talet. Dette førte ikkje til dei store endringane i pilegrimsferdene til dei heilage kristne stadene eller gjekk utover tryggleiken til klostera og dei kristne samfunna i Det heilage landet, og vesteuropearane var meir fokusert på invasjonen til muslimane og andre fiendtlege ikkje-kristne som vikingane, slavarane og madjarane enn tapet av den fjerntliggande byen Jerusalem. Den aukande makta til muslimane i Midtausten auka derimot presset på det austlege ortodokse Austromarriket.

Ein annan faktor som medverka til at vesteuropearane endra haldninga si mot Austen kom i år 1009 då fatimidekalifen al-Hakim bi-Amr Allah gav ordre om å øydeleggje Den heilage grav-kyrkja. I 1039 lét etterfølgjaren hans austromarane byggje kyrkja opp att.Denys Pringle, «Architecture in Latin East» i The Oxford History of the Crusades ed. Jonathan Riley-Smith (New York:Oxford University Press, 1999) s. 157 Pilegrimar fekk lov å reise til Det heilage landet både før og etter kyrkja vart bygd opp att, men i ein periode vart pilegrimane tatt til fange og nokre medlemmer av prestestanden vart avretta. Dei muslimske erobrarane forstod etter kvart at rikdomen til Jerusalem kom med pilegrimane og avrettinga av pilegrimane gav seg.Madden, s. 5 Skaden var derimot alt gjort og valdshandlingane til seljuk-tyrkarane var delvis årsaka til uroa som gav liv til Krosstoga.Madden, s. 8

Situasjonen i Vest-Europa Opphavet til Krosstoga ligg i utviklinga av Vest-Europa tidlegare i mellomalderen, i tillegg til nedgangstidene i Austromarriket i aust, som førte til ei ny bølgje av åtak frå tyrkiske muslimar. Då Det karolingiske riket braut saman på 800-talet, kombinert med relativt stabile grenser innan Europa etter kristninga av vikingane, slavarane og ungararane, hadde ein store hærar som no brukte krigslysta til å kjempe mot kvarandre og terrorisere den lokale folkesetnaden. Kyrkja prøvde å stoppe valden med rørsla Gudsfreden, som hadde ein viss effekt, men dei profesjonelle soldatane søkte ein måte å få utløp for dugleiken sin, og for store delar av adelskapen vart ønsket om å utvide områda sine mindre og mindre. Eit unntak var Reconquista i Spania og Portugal, der iberiske riddarar og leigesoldatar i Europa fekk kjempe mot dei islamske maurarane, som hadde overtatt store delar av Den iberiske halvøya dei to føregåande hundreåra.

I 1063 gav pave Alexander II velsigninga si til dei iberiske kristne i krigen deira mot muslimane, og gav dei som fall i krigen både ein paveleg standardvelsigning (vexillum sancti Petri) og avlat. Då dei austromerske keisarane, som no var truga av seljukkane, bad om hjelp, var vesteuropearane meir enn klar til kamp. Dette skjedde i 1074 då keisar Mikael VII bad pave Gregorius VII om hjelp og i 1095 frå keisar Alexios I Komnenos til pave Urban II.

mini|Kart over Den iberiske halvøya då Almoravid kom hit på 1000-talet og dei kristne kongedøma, inkludert Aragón, Castile, Leon, Navarre og Portugal

Krosstoga var delvis eit utløp for den intense religiøse gudsfrykta som steig opp seint på 1000-talet hos meinigmannen. Ein krossfarar vart, etter å ha uttalt eit høgtidleg løfte, krossa av handa til paven eller den pavelege legaten, og vart så rekna for «ein soldat av Kyrkja». Dette kom delvis av Investiturstriden, som starta rundt 1075 og som framleis eksisterte under det første krosstoget. Sidan begge sidene av Investiturstriden prøvde å få ålmenta på si side vart folket personleg engasjert i denne dramatisk religiøse striden. Dette førte til ei auka gudsfrykt og ein generell auke i religionsinteressa hos folket. Dette vart ytterlegare forsterka av religiøs propaganda som forfekta Rettferdig krig for å ta tilbake Det heilage landet—som inkluderte Jerusalem (der Jesus døydde, stod opp att og steig til himmelen i følgje kristen tru) og Antiokia (den første kristne byen)—frå muslimane. I tillegg var syndeforlating ein drivande faktor. Dette gav ein kvar gudfryktig mann som hadde synda ein utveg frå den evige pinsla i helvete. Det vart mykje debattert gjennom Krosstoga kva som eigentleg var meint med «syndeforlating». Dei fleste meinte at når dei hadde tatt Jerusalem ville dei gå rett til himmelen når dei døydde. Det er derimot mykje diskutert kva paven eigentleg lovde. Ein teori er at ein måtte døy for Jerusalem for at syndeforlatinga skulle gjelde, som ligg nærare det pave Urban II sa i talane sine. Dette tydde at om krossfararane klarte å gjenerobre Jerusalem, så ville ikkje dei overlevande få syndeforlating. Ein annan teori var at om ein nådde Jerusalem, så ville ein verte tilgjeve for syndene ein hadde gjort før Krosstoget. Derfor kunne ein framleis hamne i helvete for synder som vart gjort i etterkant.

Alle desse faktorane medverka til den store folkelege støtta til Det første krosstoget og den religiøse vitaliteten på 1100-talet.

Utløysande faktor mini|Pave Urban II ved Rådet i Clermont, der han heldt ei oppflammande preike om å ta tilbake Det heilage landet. Den utløysande faktoren for det første krosstoget var Alexios I si bøn til pave Urban II om leigesoldatar til å hjelpe han mot muslimane som erobra fleire av landområda til Austromarriket. Austromarane tapte slaget ved Manzikert i 1071, og dette førte til at dei tapte heile Litleasia (det moderne Tyrkia), bortsett frå kystområda. Sjølv om det hadde vore mislykka forsøk på forsoning etter det store skismet mellom den katolske kyrkja i vest og den ortodokse kyrkja i aust, håpte Alexios I på positivt svar frå Urban II og fekk det, sjølv om det vart i større omfang og mindre hjelpsamt enn han hadde venta.

Då det første krosstoget byrja i 1095 hadde dei kristne fyrstane nord i Iberia kjempa seg ut av fjella i Galicia og Asturias, Baskarland og Navarre med aukande suksess i om lag hundre år. Fallet til den mauriske byen Toledo i Kongedømet León i 1085 var ein stor siger, men vendepunktet var Reconquista som ikkje hadde byrja enno. Splittinga til dei muslimske emirane var ein avgjerande faktor.

Sjølv om Reconquista var det tydelegaste dømet på europeisk motstand mot dei muslimske erobringane, var det ikkje det einaste dømet. Den normanniske eventyraren Robert Guiscard hadde erobra «tåa til Italia», Calabria, i 1057 og forsvarte område på Sicilia som tradisjonelt hadde vore austromerske mot muslimane. Sjøstatane Pisa, Genova og Catalonia kjempa alle aktivt mot islamske høgborger på Mallorca og Sardinia, og frigjorde kysten av Italia og Catalonia frå muslimske plyndringstokt. Mykje tidlegare hadde dei kristne områda i Syria, Libanon, Palestina og Egypt med fleire, vorte erobra av muslimske arméar. Det å miste område til ein religiøs fiende var eit viktig motiv for å svare på keisar Alexios I si bøn om ein heilag krig for å forsvare kristendomen og ta tilbake dei tapte landområda i Midtausten.

Pavedømet til pave Gregorius VII hadde kjempa for å overbevise dei som meinte at heilag krig og det å utgyte blod for Herren var imot den kristne læra, og etter ei strid tørn løyste han det med konseptet «rettferdig vald». Ei viktigare årsak for paven var dei kristne pilegrimane som vart forfølgde i Det heilage landet. St. Augustin av Hippo hadde rettferdiggjord bruken av makt i Kristus si teneste i De civitate Dei og ein kristen «rettferdig krig» kunne styrke ein sterkt ambisiøs leiar av Europa, som Gregorius såg seg sjølv som. Nordbuarane ville verte forbunde til Roma og dei brysame riddarane fekk ta del i handlingar som passa dei. Kyrkja sine tidlegare forsøk på å stoppe slik vald, som med konseptet «Gudsfreden», hadde ikkje godt så bra som ho hadde håpa på. Sør for Roma viste normannarane korleis slik oppspart «krigsenergi» kunne nyttast mot både arabarar (på Sicilia) og austromarar (på fastlandet). Eit latinsk hegemoni i Levanten ville gje pavedømet makt til å ta over det økumeniske patriarkat i Konstantinopel, som hadde ført til det store skismet i 1054.

I austromarane sitt heimland hadde den austromerske keisaren vist svakheit med det katastrofale nederlaget i slaget ved Manzikert i 1071, som reduserte Riket sine asiatiske område til eit område vest i Anatolia og rundt Konstantinopel. Eit sikkert teikn på den desperate situasjonen til austromarane var bøna om hjelp frå Alexios I Comnenus til fienden sin, paven. Gregorius var derimot opptatt med Investiturstriden og kunne ikkje kalla på den tysk-romerske keisaren, og krosstoget tok derfor ikkje fatt på den tida.

Etterkomaren Urban II såg derimot på krosstoget som ein måte å sameine kristendomen igjen, støtte opp om pavedømet og kanskje bringe dei austlege områda under sin kontroll. Dei fiendtleg innstilte tyskarane og normannarane kunne ikkje reknast med, men hjarte og ryggraden i eit krosstog kunne finnast i Urban sitt eige heimland i Nord-Frankrike.

Etter det første krosstoget

Det første krosstoget utløyste ei bølgje av aukande kristen gudsfrykt og raseri hos ålmenta som gjorde seg gjeldande i krossfararane sin massakre av jødane gjennom Europa, i tillegg til dei valdelege handlingane mot dei «skismatiske» ortodokse kristne i aust. Under dei mange åtaka på jødane prøvde lokale biskopar og kristne å verne jødane mot hordane som raste forbi. Jødane fekk ofte søke tilflukt i kyrkjer og andre kristne bygg, men hordane braut seg likevel inn og tok livet av dei.

På 1200-talet førte ikkje Krosstoga til den same gløden i ålmenta og etter Akko fall for siste gong i 1291 og dei oksitanske katarane vart utrydda under albigenesarkrosstoget, var ikkje krossfararidealet lenger like stort på grunn av pavedømet sine politiske og territoriale åtak i det katolske Europa.

Den siste krossfararordenen av riddarar som eigde landområde var Maltesar- eller Johanittarordenen. Etter Akko fall for siste gong, tok dei kontroll over øya Rhodos og på 1500-tale vart dei drivne bort til Malta, før dei vart fjerna for godt av Napoleon Bonaparte i 1798.

Krosstog