Massachusetts Institute of Technology (MIT) er eit universitet i Cambridge i Massachusetts i USA med fokus på teknologi. I den seinare tid har biologiske fag fått ei større rolle. Det vart skipa av William Barton Rogers i 1862 og låg opphavleg på den andre sida av Charles river i Boston.
MIT er verdsleiande innan teknologi og vitskap, i tillegg til mange andre felt, mellom anna administrasjon, økonomi, lingvistikk, statsvitskap og filosofi.
Skyting
18. april 2013 vart ein politimann skoten og drepen utanfor Stata-bygget. Studentane vart råda til å halde seg innandørs av di den mistenkte var på frifot.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Universitet i Massachusetts Kategori:Skipingar i 1862