Dei joniske øyane (gresk: Ιόνια νησιά, Iónia nisiá) er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg i Det joniske havet utanfor vestkysten av landet. Hovudstaden er Kérkyra by.

Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Kérkyra, Levkáda, Kefaloniá, Zákynthos. Kýthira utanfor sørspissen av Peloponnes, som tradisjonelt har vore rekna til øygruppa Dei joniske øyane, inngår ikkje i periferien Dei joniske øyane, men er ein del av Attikí.

Periferieiningar og kommunar Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Dei joniske øyane delt inn i fem periferieiningar som frå 2019 omfattar 11 kommunar.

Periferieining Innbyggjarar Kommunar Kérkyra 101 600 Nord-Kérkyra, Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane, Sør-Kérkyra, Paxí Levkáda 22 826 Levkáda, Meganísi Itháki 2 862 Itháki Kefaloniá 36 064 Argostóli, Lixoúri, Sámi Zákynthos 41 180 Zákynthos

KommunePeriferieiningArealFolketalHovudsete1  Nord-KérkyraKérkyra205,517 278Akharávi2  Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyaneKérkyra260,067 112Kérkyra by3  Sør-KérkyraKérkyra143,514 744Levkímmi4  PaxíKérkyra30,12 466Gáios5  LevkádaLevkáda335,821 900Levkáda by6  MeganísiLevkáda22,3926Katoméri7  IthákiItháki117,82 862Vathý8  ArgostóliKefaloniá372,723 574Argostóli9  LixoúriKefaloniá119,36 989Lixoúri10  SámiKefaloniá288,55 501Sámi11  ZákynthosZákynthos407,641 180Zákynthos by

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferien er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kérkyra by Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 24 838 23 541 Argostóli Argostóli 9 748 10 120 Zákynthos by Zákynthos 9 772 9 760 Levkáda by Levkáda 8 673 8 467 Kanália Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 4 086 4 768 Alepoú Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 3 149 4 171 Potamós Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 3 840 3 596 Lixoúri Lixoúri 3 752 3 549 Levkímmi Sør-Kérkyra 2 936 2 680 Kondokáli Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane 1 660 2 107

Referansar

Dei joniske øyane