Raising Sand er eit album av rockesongaren Robert Plant og bluegrass-country-songaren Alison Krauss. Det kom ut 23. oktober 2007 på Rounder Records. Raising Sand vann prisen som årets album i USA i 2009.
Bakgrunn To songar av Gene Clark – «Polly (Come Home)» og «Through the Morning, Through the Night» – vart opphavleg spelt inn av Dillard & Clark for albumet Through the Morning Through the Night i 1969. «Rich Woman» vart først spelt inn av McKinley Millet (som L'il Millet) and his Creoles i 1955, for Specialty Records. «Please Read the Letter» vart først spelt inn av Page and Plant på Walking into Clarksdale i 1998. «Gone, Gone, Gone» var opphavleg ein Everly Brothers-song for Warner Music i 1964. Dei spelte òg inn «Stick With me Baby» i 1960, for A Date with The Everly Brothers. «Trampled Rose» vart opphavleg skriven og spelt inn av Tom Waits på Real Gone i 2004.
Bortsett frå påverknaden frå vokalstilane og talenta til Plant og Krauss, har produsenten på albumet, T-Bone Burnett fått mykje av æra for den grunnleggande musikalske stilen på albumet.
Mottaking mini|venstre|Alison Krauss spelar med Robert Plant i 2008
Albumet vart møtt mykje ros frå kritikarane og har ein middelscore på 87 frå innsamla meldingar på Metacritic.Robert Plant And Alison Krauss: Raising Sand (2007): Reviews, Metacritic Albumet vart av Rolling Stone kåra til det 24. beste i 2007."The Top 50 Albums of 2007". Rolling Stone. December 17, 2007. Henta 29. mars 2011.
Songane på Raising Sand vart handplukka av produsent T-Bone Burnett. Entertainment Weekly skildra coversongane som utgjer albumet for «utsøkt»."Raising Sand (2007) Alison Krauss, Robert Plant" . Entertainment Weekly. October 26, 2008. Henta 29. mars 2011.
«Gone, Gone, Gone (Done Moved On)» vart gjeven ut på singel og vann Grammy Award for beste popsamarbeid med vokal. Songen «Killing the Blues» vart plassert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songane i 2007."The 100 Best Songs of 2007" Rolling Stone. December 11, 2007. Henta 29. mars 2011.
I 2009 vann albumet alle dei fem prisane det var nominert til på Grammy Award: Årets album, beste kontemporære folk/americana-album, årets singel («Please Read the Letter»), beste popsamarbeid med vokal (for «Rich Woman») og beste countrysamarbeid med vokal (for «Killing the Blues»).
Albumet vart òg nominert for Mercury Prize i 2008 i Storbritannia.
I desember 2009 rangerte musikkmagasinet Rhapsody albumet på andreplass på lista deira over dei beste countryalbuma på 2000-talet."Country’s Best Albums of the Decade" Henta 29. mars 2011.
Albumlister Albumet selde over 100 000 eksemplar i USA den første veka og debuterte på andreplass, den høgaste plasseringa for begge soloartistane (Plant hadde derimot oppnådd førsteplassar med Led Zeppelin fleire gonger).Hasty, Katie. "Underwood Leads Three Country Debuts Onto Chart", Billboard. October 31, 2007. Henta 29. mars 2011 Raising Sand selde til platinaplate i mars 2008."RIAA Searchable Database". RIAA. Henta 29. mars 2011"Alison Krauss/Robert Plant go platinum". Country Standard Time. March 20, 2008. Henta 29. mars 2011.
Albumet nådde òg andreplassen i Storbritannia i januar 2008 og i Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista.
Innhald
Medverkande Robert Plant – vokal Alison Krauss – vokal, fele
Andre musikarar Riley Baugus – banjo Jay Bellerose – trommer Norman Blake – akustisk gitar T-Bone Burnett – akustisk og elektrisk gitar, bassgitar, Dennis Crouch – akustisk bass Greg Leisz – pedalsteelgitar Marc Ribot – akustisk gitar, banjo, dobro, elektrisk gitar Mike Seeger – autoharpe Patrick Warren – klaverinstrument, pumpeorgel, lekepiano
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Raising Sand» frå , den 29. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2007 Kategori:Robert Plant-album Kategori:Alison Krauss-album Kategori:Album produserte av T-Bone Burnett Kategori:Årets album i USA