Robert Anthony Plant, CBE () er ein engelsk songar og låtskrivar, mest kjend som vokalist og tekstforfattar i Led Zeppelin. Han har òg hatt ein suksessrik solokarriere. I 2007 gav han ut Raising Sand, eit album produsert av T-Bone Burnett med den amerikanske bluegrass-sopranen Alison Krauss, som vann dei Grammy Award for årets album i 2009.Veteran Robert Plant steals show at Grammys The Guardian Henta 28. mars 2011

Med ein karriere på meir enn 40 år vert Plant rekna som ein av dei viktigaste songarane i rockehistoria, og har påverka samtidige songarar som Freddie Mercury og Axl Rose.100 Greatest Singers Of All Time: Robert Plant Rolling Stone Henta Henta 28. mars 2011 I 2006 kåra heavy metal-magasinet Hit Parader Plant til den største metal-songaren gjennom tidene.Hit Parader’s Top 100 Metal Vocalists Of All Time Theinsider.com Henta 28. mars 2011 I 2009 vart Plant stemnd fram som den beste stemma i rock, føre Freddie Mercury, i ei undersøking gjort av Planet Rock.Plant is still top of the tree The Sun Henta 28. mars 2011

Liv og karriere Tidleg karriere Plant vart fødd i West Bromwich, men voks opp i Kidderminster i Worcestershire. Plant fekk tidlege ei interesse for å synge rock'n'roll.

Då eg var ein liten gut brukte eg å gøyme meg bag gardinene heime då det var jul og prøvde å vere Elvis. Det var ein særeigen atmosfære mellom gardinene og dei franske vindauga, det var ein viss lyd der for ein ti år gammal gut.

Han forlet King Edward VI Grammar School for Boys i Stourbridge midt i tenåra og utvikla ein sterk kjærleik til blues, hovudsakleg Willie Dixon, Robert Johnson og tidlege utgåver av songane i denne sjangeren.

Han forlet praksisplassen som statsautorisert revisor etter berre to veker for å gå på college for å få ei betre utdanning og verte ein del av bluesmiljøet i English Midlands.Led Zeppelin In Their Own Words compiled by Paul Kendall (1981), London: Omnibus Press. ISBN 0-86001-932-2, s. 14.Dave Lewis and Simon Pallett (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-5307-4, s. 10.

Dei tidlege inspirasjonskjeldene hans var mellom andre Robert Johnson, Bukka White, Skip James, Jerry Miller og Sleepy John Estes. Plant hadde forskjellige jobbar medan han prøvd å starte ein musikkarriere og arbeidde mellom anna for det britiske byggfirmaet Wimpey i Birmingham i 1967 der han la asfalt på vegar. Han arbeidde òg i Woolworths i Halesowen ein kort periode. Han spelte inn tre obskure singlar for CBS RecordsHammer Of the Gods, av Stephen Davis ISBN 1-57297-306-4 (p.48-49) og song med mange forskjellige band, mellom andre The Crawling King Snakes, som førte han i kontakt med trommeslagar John Bonham. Dei spelte begge seinare i Band of Joy, som blanda blues med nyare psykedeliske trendar. Han hadde ikkje suksess dei første åra, men fekk raskt eit rykte som «ein ung mann med ei mektig røyst».

Led Zeppelin Tidlege år mini|Plant med Led Zeppelin I 1968 leitte gitarist Jimmy Page etter ein songar for det nye bandet sitt og møtte Plant etter først å ha fått avslag av førstevalet sitt, Terry Reid. Page explained:

Då eg høyrte han synge, tenkte eg at det må vere noko gale med han, med personlegdomen hans eller at han var umogeleg å arbeide med, for eg kunne ikkje forstå då han sa at han hadde sunge nokre år alt, at han ikkje hadde fått eit stort namn. Så eg inviterte han ned til meg for ei stund, berre for å sjekke om han var ok, og me gjekk flott i lag. Ingen problem.Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, oktober 1977.

I følgje Plant:

Eg spelte på eit college då Peter og Jimmy møtte opp og spurte om eg ville bli med i The Yardbirds. Eg visste at The Yardbirds hadde spelt mykje i Amerika - som betydde at eg kom til å møte publikum som kjende det eg kunne tilby - så eg var naturlegvis særs interessert.Ian Fortnam, "Dazed & confused", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 39.

Plant og Page gjekk godt i lag frå starten av og delte ein lidenskap for musikk. Dei starta å skrive om tidlegare bluessongar i lag, sjølv om Plant ikkje vart tilskriven for nokre av låtane på det første albumet til bandet, fordi han visstnok framleis var under kontrakt med CBS Records på denne tida. Plant førte med seg John Bonham som trommeslagar, og John Paul Jones slutta seg til dei. Jones hadde tidlegare arbeidd med Page som studiomusikar.

Dei vart i starten kalla «New Yardbirds» i 1968, men bandet vart kort tid etter kjend som Led Zeppelin. Det første albumet deira nådde listene i 1969 og vert rekna som ein tidleg start på heavy metal. Plant har derimot sagt han syns det er urettvist at folk tenkjer på Zeppelin som heavy metal, sidan ein tredjedel av musikken deira var akustisk.The History of Rock 'n' Roll: The '70s: Have a Nice Decade

I 1975 vart Plant og den dåverande kona Maureen alvorleg skadde i ei bilulukke på Rhodos i Hellas. Dette påverka produksjonen av det sjuande albumet til Led Zeppelin, Presence, som vart spelt inn medan han vart frisk att, og tvinga bandet til å kansellere alle dei planlagde konsertane dette året.

I juli 1977 døydde sonen Karac av ein mageinfeksjon, medan Plant var på turne med Led Zeppelin i USA. Det var eit frykteleg tap for familien. Plante avbraut turneen og reiste heim til Midlands, der han i fleire månader vurderte framtida si.Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 54. Dødsfallet til Karac inspirerte han seinare til å skrive songen «All My Love» som finst på det siste studioalbumet til Zeppelin, In Through the Out Door.

Tekstar Plant byrja ikkje å skrive songtekstar med Led Zeppelin før Led Zeppelin II, i 1969. I følgje Jimmy Page:

Tekstane til Plant med Led Zeppelin var ofte mystiske, filosofiske og spirituelle, ofte med referansar til norrøn mytologi, som på «Immigrant Song» som omtalar Valhall og erobringane til vikingane. Songen «No Quarter» vert ofte mistyda som ein referanse til guden Tor, medan han i røynda er ein referanse til Mount Thor (som er kalla opp etter guden). Eit anna døme er «The Rain Song».

Plant var òg inspirert av J. R. R. Tolkien og tekstane på somme av dei tidlege Led Zeppelin-songane inneheld fleire referansar til bøkene hans, mest kjend «The Battle of Evermore», «Misty Mountain Hop», «No Quarter», «Ramble On» og «Over the Hills and Far Away». Plant skreiv òg meir beintfram blues-baserte tekst med mange seksuelle antydingar, som «The Lemon Song», «Trampled Under Foot» og «Black Dog».

Dei mystiske tekstane til Plant er ofte baserte på walisisk mytologi. Han voks opp nær grensa til Wales og reiste ofte om sommaren til Snowdonia. Plant kjøpte ein walisisk sauegard i 1973 og tok timar i walisisk. Han studerte òg mytologien i området (som Black Book of Carmarthen, Book of Taliesin, osv.) Den første sonen til Plant, Karac, vart kalla opp etter den walisiske krigaren Caratacus. Songen «Bron-Y-Aur Stomp» er kalla opp etter ei walisisk hytte Bron-Yr-Aur som ein ven av faren eigde.

Lidenskapen for nye musikalske opplevingar dreiv Plant til å utforske Afrika, særleg Marrakesh i Marokko der han møtte Umm Kulthum.

Denne musikalske inspirasjonen kulminerte til slutt i den klassiske songen «Kashmir» (som er meir indisk enn nordafrikansk). Både han og Jimmy Page vendte attende til desse musikkstilane på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded i 1994.

Ein av dei største prestasjonane til Plant med Led Zeppelin var bidraga hans til «Stairway to Heaven», ein episk rockeballade frå Led Zeppelin IV som var inspirert av folk, blues, keltisk musikk og hardrock. Det meste av teksten vart skriven spontant i 1970 i Headley Grange. Sjølv om songen aldri vart gjeven ut på singel, vert songen ofte rekna som ein av tidenes beste songar.

Plant improviserte ofte tekst på konsertane til Led Zeppelin, og song ofte vers ein tidlegare ikkje hadde høyrt på studioinnspelingane. Plant brukte ofte å etterlikne gitareffektane til Jimmy Page. Dette kan ein høyre på songar som «How Many More Times», «Dazed and Confused», «The Lemon Song», «You Shook Me», «Nobody's Fault but Mine» og «Sick Again».

Han er òg kjend for den muntre, humørfylte og uvanlege spøkinga på scenen, ofte kalla «plantations». Plant snakka ofte om opphavet og bakgrunnen for songane på konsertane sine, og kom stundom med samfunnskommentarar i tillegg.

Scenepersonlegdom mini|Plant (venstre) med Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page Plant hadde stor suksess med Led Zeppelin gjennom 1970-åra og utvikla eit image som ein karismatisk rock 'n' roll-frontmann, på linkande vis som The Who-songar Roger Daltrey (som hadde linkande utsjånad frå seint i 1960-åra), Mick Jagger frå Rolling Stones og Jim Morrison frå The Doors."Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008. Med det lange, blonde håret og den kraftige, nakne overkroppen, var Plant med på å skape «rockegud»-typen. På scenen var Plant særleg aktiv og han dans, hoppa, klappa og gjorde entusiastiske handrørsler for å legge vekt på teksten eller musikken.

Solokarriere (etter 1982) Som soloartist Etter at Led Zeppelin vart oppløyst i 1980 (då John Bonham døydde) har Plant hatt ein suksessrik solokarriere som starta med Pictures at Eleven i 1982, og etterfølgd av The Principle of Moments i 1983. Populære songar frå denne perioden var mellom andre «Big Log», «In the Mood», «Little by Little», «Tall Cool One» og «I Believe». I 1984 danna Plant eit kortvarig band med Jimmy Page og Jeff Beck kalla The Honeydrippers. Dei fekk ein 3. plass med Phil Phillips-songen «Sea of Love» og Roy Brown-songen «Rockin' at Midnight». Sjølv om Plant ikkje spelte Led Zeppelin-songar i denne perioden, var turneane hans i 1983 (med trommeslagar Phil Collins) og 1985 store suksessar, ofte med utselde arenaer.

Utover i 1980- og 1990-åra skreiv Pland tre soloalbum med klaverspelar og låtskrivar Phil Johnstone. Now and Zen, Manic Nirvana og Fate of Nations (med Máire Brennan frå Clannad). Det var Johnstone som overtalte Plant til å byrje å spele Led Zeppelin-songar på konsertane sine, noko Plant lenge motstod, fordi han ikkje ville vere kjend som «den tidlegare Led Zeppelin-vokalisten» resten av livet.

Sjølv om Led Zeppelin vart oppløyst i 1980, møttest Plant og Page stundom for forskjellige prosjekt, som The Honeydrippers: Volume 1 i 1984 (Volume 2 kom aldri). I 1988 song Plant på soloalbumet til Page, Outrider, medan Page same året medverka til Plant-albumet Now and Zen.

Som Page and Plant (1994-1998) Page and Plant vart eit fulltidsprosjekt frå 1994 til 1998, og dei gav ut Unledded i 1994 etterfølgd av ein særs populær turne i 1995. Page and Plant spelte så inn albumet Walking into Clarksdale i 1998, som selde dårleg og fekk Plant til å gå attende til solokarrieren sin. Ein song frå dette albumet, «Please Read the Letter», vart spelt inn på nytt av Plant med Alison Krauss for albumet deira i 2008.

Med Priory of Brion (1999-2000) Frå midten av 1999 til slutten av 2000 spelte Plant mange små konsertstader med folkrockbandet sitt Priory of Brion.

I 1999 medverka Plant på hyllestalbumet til Moby Grape-medlemmen Skip Spence, som var dødssjuk. Albumet More Oar: A Tribute to the Skip Spence Album (Birdman, 1999)

I 2001 spelte Plant på Afro Celt Sound System-albumet Volume 3: Further in Time. Songen «Life Begin Again» er ein duett med den walisiske visesongaren Julie Murphy.

Med The Strange Sensation (2001-2007) I 2002 danna Plant eit nytt band, Strange Sensation, som hovudsakleg spelte gamle blues- og folkesongar. Dette resulterte i albumet Dreamland. I kontrast til den frodige samlinga med relativt obskure nyinnspelingar, bestod det andre albumet til Strange Sensation, Mighty ReArranger (2005), av nye, originale songar. Begge albuma fekk særs god kritikk og han vart nominert til fire Grammy Award, to i 2003 og to i 2006.