mini|Frø frå marianøkleblom.

(Mari) nøkleblom eller marianøkleblom (Primula veris) er ei plante i nøkleblomfamilien. Ho blir også kalla marinøkkel, men dette kan også visa til ein bregneart.

Marianøkleblom er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 15 cm høg og har dunhåra blad som med eitt går over i eit breitt vengkanta bladskaft. Blomsteren mørkgul i midten, om lag 1 cm brei. Ho blømer kring mai månad i bakkar og småskog, oftast på kalkrik grunn.

Planta veks vilt i Noreg frå søre Østfold nordover til Åmot og Trysil i Hedmark, Nord-Aurdal og Øyer i Oppland; langs kysten er ho vanleg nordover til Romsdalen og meir spreidd i Trøndelag. Ho finst også forvilla frå hagar nord til Finnmark.

Kjelder

Primula veris i artsdatabanken.no Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Denne artikkelen bygger på «Gullviva» frå , den 26. mars 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Nøkleblomfamilien