«Kashmir» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart skriven av Jimmy Page og Robert Plant (med bidrag frå John Bonham) over ein periode på tre år. Teksten vart skrive i 1973.

Oversyn Songen er bygd opp kring ein akkordprogressjon, som først dukka opp på heimeopptaka til Page. Då bassisten John Paul Jones kom for seint til innspelinga, byrja Page å arbeide på riffet med trommeslagar John Bonham. Dei laga ein demo av songen seint i 1973.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Plant la seinare til den midtre delen og tidleg i 1974 la Jones på alle strykarane.

Trommene til Bonham har ein phasing-effekt, som gjev basstromma ein tung, drønnande lyd. Plant har sagt at det er tromminga til Bonham som er nøkkelen til songen: «Det var det han ikkje gjorde som gjorde at det fungerte.».

Songen inneheld fleire særeigne musikalske møsnter frå klassisk marokkans, indisk og arabisk musikk. Page forklarte at «eg hadde ein sitar ei stund og var interessert i modale stemmingar og arabiske ting. Det starta med eit riff og så vart det lagt austlege tonar under.»

Blåsarar og strkarar strykarar med elektrisk gitar og mellotron vert òg nytta på songen. Dette er ein av få Led Zeppelin-songar der dei nytta andre musikarar. Studiomusikarar vart henta for å spele strykarane og blåsarane.

Teksten til songen, som opphavleg vart kalla «Driving to Kashmir», vart skriven av Plant i 1973, like etter den nordamerikanske turneen til bandet i eit område kalla «audemarka» sør i Marokko, medan dei køyrte frå Goulimine til Tantan i Sahara. Dette trass i at namnet på songen, Kashmir, er ein region nordvest i Himalaya.

Songen er 8:32 lang'Physical Graffiti' (Led Zeppelin 1975), ei lengd som gjer at radiostasjonar normalt ikkje ville spelt songen. Men etter «Stairway to Heaven», som var nesten like lang, vart songen ofte likevel spela.

Konsertar «Kashmir» vart spela på nesten alle konsertane til Led Zeppelin sidan 1975. Ein versjon frå Knebworth i 1979 finst på Led Zeppelin DVD. Dei gjenverande medlemmane spela songen på Atlantic Records 40th Anniversary-konserten i 1988. Han vart igjen spela på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i The O2, London den 10. desember 2007.

Page and Plant spela inn konsertversjon av «Kashmir» i 1994, som kom ut på albumet deira No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Her hadde dei med seg eit orkester og egyptiske musikarar.

Lovord Alle fire medlemmane i Led Zeppelin har omtalt «Kashmir» som ein av dei beste songane deira.Led Zeppelin: The Definitive Biography by Ritchie Yorke John Paul Jones meinte at han inneheldt alle elementa som utgjorde Led Zeppelin.Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings. Plant har omtalt «Kashmir» som den definitive Led Zeppelin-songen, og at han var ein av mine favoritt Zeppelin-songar fordi «han inneheld all den latente energien og krafta som ikkje var heavy metal. Det var noko anna. Det var stoltheita til Led Zeppelin.»Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 76. Page har indikert at han syns songen er ein av dei beste til bandet.Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, oktober 1977.

Led Zeppelin-ekspert Dave Lewis skildra «Kashmir» som:

Publikasjon Land Lovord ÅrRangering Classic Rock USA The Top Fifty Classic Rock Songs of All Time 1995 20 Classic Rock Storbritannia Ten of the Best Songs Ever!!.. (Bubbling under) 1999 23 VH1 USA The 100 Greatest Rock Songs of All Time 2000 62 Rolling Stone USA The 500 Greatest Songs of All Time 2003 140 Blender USA Standout Tracks from the 500 CDs You Must Own 2003 * Q Storbritannia 1010 Songs You Must Own! 2004 * Q Storbritannia Ultimate Music Collection - Rock 2005 * Q Storbritannia 100 Greatest Songs of All Time 2006 74 VH1 USA VH1 Greatest Hard Rock Songs 2009 21 JJJ Australia Hottest 100 of All Time 2009 98

(*) uordna lister.

Andre versjonar Andre som har spela songen er London Philharmonic Orchestra under Peter Scholes, Tim Reynolds, Bond, Anathema, William Joseph, Ofra Haza, Lucia Micarelli med Jethro Tull, Maya Beisir, Angra, Kevin Gilbert, Alice in Chains, Alter Bridge, Escala i lag med Slash, Lez Zeppelin og David Garrett.

Samplingar Songen vart sampla med løyve av Sean «Puffy» Combs på songen «Come With Me» for filmmusikken til filmen Godzilla (1998). Jimmy Page, som gav likte versjonen til Combs, spelar i videoen og på framføringa hans på Saturday Night Live.

Opningsriffet på songen «Wake Up» av Rage Against the Machine er tilpassa frå «Kashimir».

Medverkande Jimmy Page – lead gitar Robert Plant – solovokal John Paul Jones – bassgitar, klaverinstrument John Bonham – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kashmir (song)» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Bakgrunnsstoff «Kashmir» på LedZeppelin.com

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Britiske progressive rockesongar Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av John Bonham Kategori:Songar skrivne av Robert Plant 141