Lena Meyer-Landrut, kjend som Lena, () er ein tysk songar. I mai 2010 gav ho ut debut-cd-en My Cassette Player som selde svært godt i Tyskland.
Eurovision Song Contest 2010 Lena Meyer-Landrut vann Unser Star für Oslo og fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2010, der ho kom på 1. plass. Vinnarsongen hennar, «Satellite», skilde seg ut fordi Meyer-Landrut ikkje hadde noko sprakande danseshow eller sceneeffektar. Ho framførte songen i ein enkel, svart kjole med fire bakgrunnssongarar. Rytmen i songen var også litt uvanleg for Eurovision.
Sommaren 2010 var ho med i det norske fjernsynsprogrammet Allsang på grensen der ho song vinnarlåten frå Eurovision Song Contest 2010, «Satellite».
Eurovision Song Contest 2011 Seinare i 2010 var Meyer-Landrut med i programmet Unser Song für Deutschland der det tyske folket skulle velja kva for song ho skulle syngje då ho skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2011. Den nasjonale tyske uttakinga bestod altså utelukkande av ulke bidrag framført av Lena.
Vinnarbidraget vart songen «Taken By A Stranger», som ho representerte Tyskland med på nytt i Eurovision Song Contest 2011. Bidraget enda på ein 10. plass. I tillegg til å deltake song ho «Satellite» som opningsnummer saman Stefan Raab og delte ut vinnartrofeet til Ell & Nikki.
Eurovision Song Contest 2012 Som pausenummer i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2012 framførte ho fyrst «Satellite» åleine og sidan «Waterloo», opphavleg framført av ABBA, saman med fire tidlegare vinnarar, Marija Šerifović, Dima Bilan, Alexander Rybak og Ell & Nikki.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lena Meyer-Landrut» frå , den 8. januar 2012.
Kategori:Tyske songarar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Allsang på grensen Kategori:Bundesvision Song Contest-programleiarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest Kategori:Eurovision Song Contest 2011-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2010-deltakarar
Kategori:Unser Star für Oslo-deltakarar