Ola Olsson Lånke () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Stjørdal i Nord-Trøndelag.
Lånke var fødd på garden Geving i Lånke sokn. Han bygsla i 1798 garden Lånke i same soknet, dreiv garden som leiglending fram til han kjøpte garden i 1838.
Lånke var 1. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1821. Han var medlem av fem komitear, mellom anna sekretær i komiteen om korntoll og medlem av komiteen om skjønns- og takstmenn, samt om utreiinga av artilleriet og kavaleriet. Til omframstortinget 1822 møtte han ikkje, grunna sjukdom.
Han tok på seg mange lokale, offentleg oppgåver. Elles ytte han språkleg hjelp til John Neergaard då denne skreiv Selbuboka.
Han døydde på Lånke i 1844.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Stjørdal