Dead Man er filmmusikken til westernfilmen Dead Man av Jim Jarmusch med Gary Farmer og Johnny Depp som William Blake. Neil Young improviserte fram musikken (hovudsakleg på elektrisk gitar, og noko akustisk gitar, piano og orgel) samstundes med at han kikka på filmen i eit platestudio. Albumet består av sju instrumentale spor av Young, med utdrag frå dialog frå filmen og Johnny Depp som les dikta til William Blake mellom musikken. Versjonen av hovudtemaet som vert nytta i byrjinga og slutten av filmen er ikkje med,Dead Man: Neil Young Amazon staff review. men vart gjeven ut som singel.Neil Young's Rare & Unreleased Songs
Utgjeving
Albumet kom ut i 1996. I tillegg til den vanlege CD-utgåva kom det ei spesialutgåve med eit spesiallaga omslag. Omslaget såg ut som eit fotoalbum frå 1800-talet, der ryggen var kledd i tøy og sjølve omslaget var i svart, laminert papp.
Innhald Spora på albumet har ikkje offisielle namn, så innhaldslista under er uoffisiell.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dead Man (soundtrack)» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Neil Young-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1996 Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av John Hanlon