Silver & Gold er det 27. albumet til Neil Young og kom ut 25. april 2000. Mange av songane vart skrivne seint i 1990-åra, men songen «Silver & Gold» skal i følgje Young sjølv ha blitt skriven i 1981 og han skal ha prøvd i over ti år og få eit godt opptak av songen. Andre songar går attende til 1976. Mellom anna finst det piratopptak frå Neil Young/Crazy Horse som spelar «Razor Love» dette året.
Musikalsk går Young tilbake til country/folkrock-stilen frå tidlegare album som Harvest og Comes A Time, men teksten reflekterer i større grad familie, det å verte eldre og verte ein meir komplett person. Young ser tilbake på livet sitt og karrieren sin med eit varmt, nostalgisk syn, og går til og med så langt til å seie at han ikkje var imot ei gjenforeining med Buffalo Springfield - «Like to see those guys again/And give it a shot» (ønskjer å treffe dei fyrane igjen/Og gjere eit nytt forsøk) - som han syng i «Buffalo Springfield Again». Tonen på albumet er roleg og fredfull.
Albumet vart nominert til den kanadiske Junoprisen for årets rootsalbum i 2001. Biletet på omslaget vart teken av dottera Amber med eit Game Boy-kamera.
Innhald
Medverkande Neil Young: gitar, piano, munnspel, vokal Ben Keith: pedalsteelgitar, vokal Spooner Oldham: piano, orgel Donald «Duck» Dunn: bass Jim Keltner: trommer Oscar Butterworth: trommer Linda Ronstadt: vokal Emmylou Harris: vokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silver & Gold» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Neil Young-album Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Ben Keith