Raio Piiroja () er ein estisk fotballspelar som har spela for Vitesse i nederlandsk Eeredivisie, og spelte i 8 år i norsk fotball, for Vålerenga og Fredrikstad. Han har over 100 landskampar for Estland.

Piiroja kom til norsk fotball frå Estland i 2003, då han spelte for Vålerenga. Året etter gjekk han over til Fredrikstad. Han vart seriemeister i Estland med Flora frå Tallinn i 2001 og 2002. I 2006 vart han cupmeister i Noreg med Fredrikstad. Han vart kåra til årets estiske fotballspelar i 2002 og 2006, 2007, 2008 og 2009.

Piiroja debuterte for Estland sitt A-landslag 21. november 1998 i ein kamp mot Armenia. Han er landslagskaptein for Estland.

Kategori:Estiske fotballspelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Fredrikstad-spelarar Kategori:Vitesse-spelarar