Steven Davis () er ein nordirsk fotballspelar som har spela på midtbanen for Rangers i skotsk Premier League, og for det nordirske fotballandslaget.
Davis debuterte som profesjonell fotballspelarar hjå Aston Villa i engelsk Premier League, der han spelte den første kampen sin i september 2004. Han gjekk til Fulham sommaren 2007, og vidare på lån til Rangers i Skottland i januar 2008. Overgangen til Rangers vart permanent sommaren 2008, for ein overgangssum på 3 millionar pund. Han har vorte seriemeister i Skottland med Rangers to gonger, i 2009 og 2010, og vart kåra til årets spelar i Skottland i 2010.
Davis debuterte for Nord-Irland sitt A-landslag 9. februar 2005 i ein privatlandskamp mot Canada. Han skåra det første landslagsmålet sitt 8. oktober 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Wales. 21. mai 2006 vart han Nord-Irland sin yngste landslagskaptein i nyare tid, i ein kamp mot Uruguay.
Kategori:Nordirske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Fulham-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Folk frå Ballymena