mini|Kløv frå USA. Kløv eller kløvsal er ein type sal til å halde fast todelt bør over ryggen på lastedyr. Kløva består typisk av to trestykke som er bundne fast med flate puter under, ofte med oppståande trestykke tvers over i begge endane, som er festa til dyret med reimar eller breie band rundt buk, bringe og lender.

I Noreg er tradisjonelt hest og rein dei mest brukte kløvdyra, men hund og geit har òg vorte brukt. Elles i verda er kamelar, dromedarar, jakar, lamaer, esel og muldyr brukt som kløvdyr.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hestereiskapar Kategori:Dyreutstyr Kategori:Transportutstyr