Bjørn Skau () var ein norsk journalist, politikar (Ap) og offentleg tenestemann.
Han var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i Gro Harlem Brundtland si første regjering, i tida 4. februar–14. oktober 1981.
Bjørn Skau arbeidde som journalistlærling og journalist frå 1945-1957 og 1965-1967.
Bjørn Skau var nært knytt til arbeidarrørsla frå tidlege ungdomsår, og var medlem av Larvik kommunestyre 1951–57. Han var medlem av landsstyret i Arbeidernes ungdomsfylking 1952–58 og nestformann i AUF 1952–58. Har var politisk sekretær i Sosialdepartementet i 1959 og statssekretær i Sosialdepartementet 1961-1963 og 1963-1965, berre avbrote av Lyng-regjeringa i 1963. I perioden 1961-1965 var han også formann i Framfylkingen.
Han var deretter rådmann i Skjeberg frå 1967 til 1975, seksjonssjef i Nordisk Ministerråd sitt kultursekretariat frå 1975 til 1977, sjukehussjef i Buskerud frå 1978 til 1988 og sjukehusdirektør ved Buskerud sentralsykehus 1988–93. Han var formann i Buskerud Arbeiderparti 1981–1984 og medlem av DNA sitt landsstyre 1981–85. Han var også medlem av kommunestyret og formannskapet i Drammen 1983-1987.
Då han vart utnemnd til justisminister var det noko overraskande, særleg fordi han var den første på lenge i denne stillinga som ikkje sjølv var jurist.
Bjørn Skau var også vore aktiv i fråhaldsrørsla, der han hadde ei rekkje framstånde verv: Leiar for Arbeidernes Edruskapsforbund 1985-1992 Medlem av styret i Avholdsfolkets Landsråd 1987-1998 Leiar for IOGT i Noreg 1991-1997 Medlem i styret i bistandsorganisasjonen FORUT 1993-1997 Leiar for IOGT Vestfold frå 1998
Bjørn Skau er far til tidlegare stortingsrepresentant Per Skau. Han er også bror til misjonæren Annie Skau Berntsen.
Kjelder
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland I Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Gerhardsen IV Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Rådmenn Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Horten