Ulrik Frederik Jonstrup Barth () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Barth var fødd i Hjelmeland, far hans var sorenskrivar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1805. Deretter var han fullmektig hos sorenskrivaren i Hardanger, fyrst, og sidan i Lyngdal. 1808-10 var han fungerande sorenskrivar i Lyngdal. 1811 var han prøveprokurator, frå 1813 overrettsprokurator i Akershus og Kristiansand. I 1819 vart han fut i Lister. Han var så i ei årrekke, 1831-55, sorenskrivar i Moss.
I 1824 representerte Barth Lister og Mandals amt på Stortinget. Han var sekretær i Odelstinget, og i komiteen om jordbruk og fedrift. Også medlem av komiteen om adelsrettar.
Barth døydde på Jeløya ved Moss i 1865.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar for Lister og Mandals amt Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Hjelmeland