Olav Olavsen () islandsk: Ólafur Ólafsson, var ein islandsk-norsk arkitekt, jurist og stortingsmann.

Olavsen var fødd på Tverå i Skagafjördur syssel på Island. Han vart utskriven frå Holar skule i 1773 og same året tilsett på amtmannskontoret der. I 1777 byrja han å studere ved universitetet i København, vart cand. jur. i 1782. Ved sidan av universitetsstudiane gjekk han på Det Kongelige Danske Kunstakademi, der han i 1780 vann sølvmedaljar i bygningsklassa. Under opphaldet i København stifta han i 1779 det islandske litteraturselskapet. Fåfengt søkte han om den ledige stillinga på kunstakademiet eom lærar i geometri.

I 1784 fekk Olavsen stilling som teiknelærar og lektor i matematikk ved bergseminaret på Kongsberg. År 1787 vart han attåt lektor i lovkunne, med professortittel frå 1794. Bergseminaret vart nedlagt i 1814.

Olavsen var 1803-22 auksjonsforvaltar på Kongsberg.

På Stortinget 1818 representerte Olavsen Kongsberg. Han var medlem av elleve komitear, mellom dei var komiteen om odelslova, bergverkslova, filologisk eksamen og om Røros koparverk.

Han døydde i Kristiania i 1832.

Kjelder

Fødselsdato frå NBL-artikkel om Olavsen, skriven av Einar Sørensen.

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske arkitektar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Islendingar