Sjå òg Iver Hesselberg (II)

thumb|Minnebauta over Iver Hesselberg og Ole Olsson Amundrød ved Tjølling kyrkje Iver Magnussen Hesselberg () var ein skipper, offiser og eidsvollsmann frå Larvik. Han var far til Magnus Hesselberg.

Hesselberg var son av ein kjøpmann og skipsreiar. Han vart tidleg foreldrelaus og arbeidde som sjømann. Berre fem år gammal, skal han ha vore på sin fyrste sjøtur. Under krigen mot Sverige i 1788 var han nestkommanderande på ein galei som støtta hæren under landgang i Båhuslen.

Etter krigen 1788 byrja Hesselberg i koffardifart, fram til 1805 var han skipper. Under krigen mot England mista han skipet sitt. Elles var han då seksjonssjef i kystvernet.

I 1801 kjøpte han garden Brekke i Tjølling i Vestfold og busette seg der. Her dreiv han eit skipsbyggeri. Han var elles medlem av forlikskommisjonen i bygda i mange år.

Hesselberg var i 1814 1. utsending frå Larvik grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han stemte truleg med Sjølvstendepartiet.

Han døydde på garden sin i Tjølling i 1838.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 372 Iver Magnussen Hesselberg frå Eidsvoll 1814

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Folk frå Larvik