Ailsa Craig (skotsk-gælisk Creag Ealasaid) er ei øy i ytre Firth of Clyde i Skottland der det vart hogge ut granitt for å lage curlingsteinar. Øya oppstod frå ein vulkanplugg etter ein utdøydd vulkan og er ikkje busett.

Øya var ein fristad for den katolikkar under den skotske reformasjonen på 1500-talet, men er i dag eit fuglereservat med store koloniar havsule og stadig fleire lundefugl.

Geografi Øya ligg 15 km vest for Girvan. Ho har ein omkrins på 3 km og ei høgd på 340 meter over havet. Heile øya er ein gammal vulkanplugg frå ein utdøydd vulkan som kan ha vore aktiv for om lag 500 millionar år sidan.

Øya er administrativt ein del av South Ayrshire, i det gamle soknet Dailly.

Fyret på austsida av øya vender inn mot det skotske fastlandet, og oppfor fyret ligg ruinane av fyrvaktarbustaden.

Historie mini|venstre|Ailsa Craig i 1840-åra mini|Ailsa Craig i bakgrunnen med Dunure i 1840 Ailsa Craig var ein fristad for romersk-katolske under den skotske reformasjonen. I 1597 tok katolikken Hugh Barclay frå Ladyland over Ailsa Craig, og han meinte å nytte ho som proviantering og stoppestad for ein spansk invasjon som skulle gjennopprette den katolske trua i Skottland. Han vart oppdaga av den protestantiske ministeren Andrew Knox og han prøvde då anten å rømme eller drukna seg sjølv med vilje i sjøen utanfor Ailsa Craig.Robertson, George (1823), A Genealogical Account of the Principal Families in Ayrshire, more particularly in Cunninghame. Vol.1. Pub. Irvine: Cunninghmae press. s. 72 -73.

I 1831 vart den tolvte jarlen av Cassillis den første markien av Ailsa, og tok tittelen frå denne øya, som han eigde.

Frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet vart det hogge ut sjeldan granittstein med riebeckitt (kjend som «ailsitt») frå øya. Desse vart nytta til å lage curlingsteinar. I 2004 var 60-70 % av alle curlingsteinar laga av granitt frå øya.National Geographic Golvet i Thistle-kapellet i St Giles-katedralen i Edinburgh er òg laga av denne steinen.

Ailsa Craig er ikkje lenger busett og fyret her har vore automatisert sidan 1990. Det er ikkje lenger lov å drive steinbryting på øya, men lause granittsteinar frå øya har nyleg vorte nytta til å lage curlingsteinar av.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ailsa Craig» frå , den 6. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Watson, W.J., The Celtic Place-Names of Scotland, (Edinburgh, 1926) reprinted, with an Introduction, full Watson bibliography and corrigenda by Simon Taylor (Edinburgh, 2004)

Bakgrunnsstoff Entry on the Maybole Home Page Ailsa Craig Index — computer-generated virtual panoramas Pictures of Ailsa Craig

Kategori:Øyar i Firth of Clyde Kategori:Fjell og åsar på dei skotske øyane Kategori:Geografi i South Ayrshire Kategori:Utdøydde vulkanar