Eika er ei øy i Ulstein kommune på Sunnmøre. Ho har eit eit flatemål på om lag 2,4 kvadratkilometer.
Øya er relativt lang og smal, om lag 3,8 km lang og om lag 1,1 km brei på det breidaste. Omkretsen (kystlina) er om lag 11 km.
Eika ligg sør for Hareidlandet, skilt frå Hareidlandet med Eiksundet og Selvågdjupet. Nordaustover frå øya ligg Vartdalsfjorden som går over til Rovdefjorden vest for øya. Eika ligg også nord for utlaupet til Voldsfjorden og nordvest for utlaupet til Ørstafjorden. På vestsida av øya ligg Gurskøya, og leia nordover mot det tronge Dragsundet mellom Gurskøya og Hareidlandet.
Om lag 300 m sør for Eika ligg den 0,8 km2 store Yksnøya i Volda kommune
Eika fekk brusamband over den 405 m lange Eiksundbrua til Eiksund på Hareidlandet i samband med utbygginga av Eiksundsambandet, ein del av Fylkesveg 653. Den 7765 m lange Eiksundtunellen går frå Eika til Sørheim i Ørsta. Sambandet vart offisielt opna 23. februar 2008.
Det er fleire gardar på Eika, men ingen i drift no. Øya har berre nokre få fast busette.
Frå 1837 var Eika saman med Eiksund ein del av Herøy kommune. Den 1. januar 1964 vart Eika og Eiksund flytta til Ulstein kommune. Eika og Eiksund hadde då 222 innbyggjarar til saman. Dag Jukvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, SSB (1999), side 60, vitja 11. mai 2009
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Herøy herred, frå Digitalarkivet 17 63
Kjelder
Kategori:Øyar i Ulstein