Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich () var ein norsk kunstmålar. Frich var ein kjend kunstnar i si samtid, mellom anna fordi han budde i Noreg (Kristiania). Han vert rekna som ein sentral kunstnar i den nasjonalromantiske stilen.

mini|Dragter fra Borgens Præstegjæld i Søndmør, 1845 Liv og gjerning Frich var frå Bergen, son av ein kjøpmann. Han var elev ved kunstakademiet i København, før han studerte vidare hos J. C. Dahl i Dresden og deretter i München. Frich var ein av dei fyrste kunstmålarane som valde å slå seg ned i Noreg.

mini|280px|Trykk etter Joachim Frich sitt måleri Fra Norangfjord på Sunnmøre (1848).

Heilt frå unge år var han på ei rekke reiser i Noreg. Basert på skisser frå desse turane laga han ei mengd akvarellar av norske folkedrakter, desse danna grunnlaget for Aagot Noss si bok Joachim Frichs draktakvarellar (1973).

I seinare år vart Frich påverka av Düsseldorfskulen, noko som førte til ein gyllen grunntone i bileta og meir teatralske motiv. Han vart mest kjend for ein serie med seks målarstykke av norske landskap i lystslottet Oscarshall på Bygdøy i Oslo, måla i 1850, og kanskje særleg for dei mange illustrasjonane han laga til Christian Tønsbergs bøker Norge fremstillet i Tegninger (1846 og 1848).

Han døydde i Kristiania.

Bakgrunnsstoff

Kjelder Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952. Bokmålswikipedia

Kategori:Norske målarar Kategori:Romantiske målarar Kategori:Folk frå Bergen