mini|Oldsaksgranskeren, 1865 Vincent Stoltenberg Lerche () var ein norsk kunstmålar. Hans beste måleri er interiørbilete frå kyrkjer og kloster, men mest kjend vart han for sine humoristiske bilete frå klostermiljø.

Liv og gjerning Lerche var fødd i Tønsberg. Frå 1857 fekk han målarutdanning i Düsseldorf. Mellom anna lærte han av landsmannen Hans Gude, noko som kan sporast i hans akvarellar. Han la ut på to studiereiser i Noreg, den fyrste i 1864 gjekk til byar i Sør-Noreg der han konsentrerte seg om å lage skisser av eldre kyrkjer. Ni år seinare reiste han langs kysten like til Vadsø.

Lerche var framand for dei nasjonale målsettingane som mange av hans eldre kunstnarkollegaer fremja. Ideologisk og tematisk var han del av den samtidige tysk kunsten som såg på den borgarlege livsverda med både romantiske og ironiske blikk.

Lerche budde i Düsseldorf frå 1872 og livet ut.

Bokverk Med Blyanten, løse blade af en malers skizzebøger, 2 bd. 1873–1874 Små billeder for store børn, 2 bd., 1876–79 Fra det gamle hjørneskab. Skisser fra en smaaby i firtiaarene, 1893

Kjelder Norsk Allkunnebok, VIII. Bandet Norsk Biografisk Leksikon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Tønsberg