«I'm Free» er ein song skriven av Pete Townshend og framført av The Who på albumet Tommy frå 1969. Songen er ein del av ein rockeopera og omhandlar Tommy som ønskjer å vekke andre folk åndeleg etter at han brått vart særs populær. Pinball Wizard (tidlegare på album) dukkar opp mot slutten av songen under «How can we follow?»-partiet. Songen vart mykje spelt under konsertane til The WH i 1969-1970, men bytta ofte plass i rekkefølgja med «Sensation». Det same vart gjort i filmutgåva og musikalutgåva av Tommy.
I 1975 dukka songen opp på konsertane til The Who igjen. Denne utgåva inneheldt eit noko annleis gitarriff.
Songen vart gjeven ut som singel i 1969.
I 1997 spelte det kristne rockebandet Geoff Moore and the Distance songen på albumet deira Threads. Songen vart nytta i ein reklame for Nissan.
Medverkande Roger Daltrey – solovokal Pete Townshend – korvokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument, trommer John Entwistle – bassgitar, trommer Keith Moon – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I'm Free (The Who song)» frå , den 29. juni 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Who-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Pete Townshend Kategori:Decca Records-singlar Kategori:Track Records-singlar Kategori:Songar produserte av Kit Lambert