mini|Frå Şehzademoskeen i Istanbul.
Koca Mimar Sinan Agha () var ein osmansk arkitekt, sjefsarkitekt for sultanane Selim I, Suleiman I, Selim II og Murad III. Meisterverket hans vert rekna å vere Selimiyemoskeen i Edirne, sjølv om det best kjende er Süleymaniyemoskeen i Istanbul.
Liv og virke Etter å ha fått utdanning som arkitekt og ingeniør deltok Sinan frå 1514 som medlem av ingeniørkorpset i militære felttog mot sør og aust. Etter at dei ottomanske styrkane hadde erobra Kairo, vart Sinan utnemnd til sjefsarkitekt. Under eit felttog mot Persia bygde han skip for hæren. Skipa skulle kunne krysse sjøen Van (sjø). For denne innsatsen vart han utnemnd til Haseki'i i sultanen si livgarde.
Sinan sitt første sivile arbeide var Şehzademoskeen frå 1548. I 1550 byrja han arbeidet på det store Süleymaniye-komplekset i Konstantinopel. Han har teikna ein lang rekke moskear og bygningar i og omkring Istanbul, som Selimiyemoskeen i Edirne, Kadirga Sokullu-moskeen og Rüstem Paşa-moskeen i Istanbul. Han har også teikna Taqiyya al-Sulaimaniyya i Damaskus.
I alt er Sinan tilskriven: 84 større moskear (çami) 52 mindre moskear (mescit) 57 universitet 41 bad (hamam) 35 palass (saray) 22 mausoleum (türbe) 20 karavaneserai (kervansaray; han) 17 offentlege kjøken (imaret) 8 bruer 8 lagerhus 7 skular (medrese) 6 akveduktar 3 hospital (darüşşifa)
Sinan er gravlagt utanfor murane av Süleymainye i Istanbul, i gata Mimar Sinan Caddesi, som er oppkalla etter han.
Eit krater på Merkur er oppkalla etter Sinan.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mimar Sinan» frå , den 29. juni 2009.
Bakgrunnsstoff Bilder fra Edirne, med Selimiyemoskeen Innvendig 360° bilde av Süleymaniye
Sinan Kategori:Osmansk arkitektur Kategori:Osmanarar Kategori:Folk frå provinsen Kayseri