mini|MF «Strand» Ranavik-Skjersholmane er eit ferjesamband på riksveg 544 mellom Kvinnherad kommune og Stord. Strekninga er betjent av Norled med opp til 22 daglege avgangar i kvar retning. Overfarten frå Ranavik til Skjersholmane tar om lag 40 minuttar. Ein tur i døgeret går til Jektevik på Stord og Hodnanes på Tysnes istaden for til Skjærsholmane.

Sambandet starta i 2003 og tok over for det tidlegare sambandet Leirvik-Ranavik-Sunde, då ferjekaien på Leirvik vart nedlagt.

Fram til opninga av Halsnøytunnelen i mai 2008 var også Sunde ein del av strekninga. Overfarten mellom Sunde og Ranavik tok 15 minuttar.

Kategori:Riksveg 544 Kategori:Samferdsle i Kvinnherad Kategori:Samferdsle i Stord Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:Norled-samband Kategori:Skipingar i 2003 Kategori:Tide-samband